Reduser brannfaren med termografering

Termofotografering - eller termografering på fagspråket - kan enkelt forklarast med at ein tek bilde med termokamera for å registrere uregelmessigheiter i sikringsskap, kablar, koblingar, motorar - som i sin tur kan føre til brann i det elektriske anlegget.

Holen Installasjon er NEMKO-sertifisert(NEK 405-1) og tilfredsstiller forsikringsselskapa
sine strenge krav til termografering og dokumentasjon.

Private

Finn farane med el-anlegget du ikkje veit om! I tillegg til å avdekke feil, kan også termografering brukast til m.a. å påvise varmekablar før ein monterar noko fast i eit golv. 

Landbruk

Landbrukets brannvernkomité tilrår at landbruksbygg gjennomgår el‐kontroll med varmesøkande kamera, utført av sertifisert kontrollør. Ver også klar over at hvis du er kunde i Gjensidige og medlem av Norges Bondelag får du kr. 5 000 i tilskot. Vi kan gi meir informasjon.

Næring

Termografering kan gjerne inngå som ein del av det periodiske vedlikehaldet vi gjer for bedrifter. Ta kontakt for meir informasjon.
 

Vi gir fast pris på termografering!

PS! Det er tilrådd å gjennomføre termografering mellom januar og april, då belastninga på el.anlegget er på sitt høgaste.