Holen Installasjon AS - Snart åtti år i faget!

A.J.Holen A/S vart grunnlagt i 1936 av Agnar J. Holen. Hovudverksemda den gongen var elektriske installasjonar, men vart snart utvida til å omfatta sal av belysningsutstyr og kvitevarer i eigne butikklokale.

I 1989 vart Holen Installasjon AS skipa, og skilt ut frå A.J.Holen A/S. Etter fisjonen tok Holen Installasjon AS over Installasjonsdelen frå A.J.Holen A/S, og driv i dag i hovudsak med sterk- og svakstraumsinstallasjonar innan bustadar, næringsbygg og industri.

Holen Installasjon AS er ei veletablert verksemd innafor elektroinstallsjon i indre Sogn. Gjennom 3 generasjonar har verksemda utvikla ideen om å vera ”kontaktskapar” i denne delen av landet.

I dag er det Agnar Holen som leier verksemda. Han tok over etter faren, Svein i 2012. Svein hadde då leia verksemda sidan 1972 - i over 40 år.

Holen Installasjon AS er kjend som solide montørar og installatør av tradisjonellt installasjonsarbeid, brannvarslinganlegg og naudlys, både for offentlege og private oppdragsgjevarar.

Med sentralgodkjenning i tiltaksklasse 3, og solide samarbeidspartnarar innafor brannvarsling, telefoni og data er Holen Installasjon ein totalleverandør av elektriske løysingar for små og store bygg.

  • Installasjon
  • Brannalarmar
  • Alarmsystem
  • Telefoni
  • Smarthusstyringar til hus og leilegheitar
  • Datanettverk
  • Varmepumper