Kva kan du gjere sjølv?

Den faste installasjonen er fortsatt den autoriserte installatøren sitt område og like eins støpsler for over 25A (ampere) med og utan jording. Det same gjeld alt utstyr i forbindelse med 3-fas anlegg.

  • Skifte dekselet for koplingsboksar, brytarar og stikkontaktar, men ikkje den veggfaste delen.
  • Montere og skifte varmeomnar dersom dei har bevegeleg ledning og støpsel.
  • Kople til eller skifte topola støpsler i bevegeleg ledning til og med 25 A (ampere), med og utan jording.
  • Kople til eller skifte topola skøytekontaktar og apparatkontaktar til og med 16A, med og utan jording.
  • Kople til og reparere lampettar og bordlamper med bevegeleg ledning også brytaren på ledningen.
  • Kople til og skifte lamper som heng i takkrok o.l., kopla til støpsel/stikkontakt, kronklemme eller "sukkerbit", dersom ikkje lampene er å betrakte som ein del av av den faste installasjonen. Det må vere strekkavlastning på sjølve ledningen, slik at kontaktane eller tilkoblingen ikkje blir belasta fysisk.
  • Skifte andre lysarmaturar i tørre rom med isolerande golvdekke.

Dersom du ikkje finn beskrivelse av arbeidet du har tenkt gjere her, er det sansynlegvis eit arbeid du ikkje har lov å utføre sjølv.

Ring oss på 57 67 75 00 eller bruk dette kontaktskjema, så kjem ein av våre montørar heim til deg.

-Tilbake til ombygging