Ledige stillingar: Servicemontør og Prosjektmontør

Holen Installasjon AS er ikkje berre lys og varme. Me jobbar kvar dag for å gje alle kundane våre moderne og framtidsretta løysingar innan tryggleik, komfort og energiøkonomisering. Holen Installasjon har lange tradisjonar for høg kvalitet og me er rett og slett rasande flinke med straum og slikt.

På grunn av stor aktivitet i regionen er me på jakt etter fleire dyktige fagfolk og har følgjande ledige stillingar: 
• Servicemontør 
• Prosjektmontør 

Prosjektmontør

Me søker montørar med erfaring frå anlegg eller større prosjekt. Som prosjektmontør vil du få delta i eit strukturert arbeidslag som saman har ansvar for fagleg utføring, effektiv montasje, elektrofaglege vurderingar og tilhøyrande dokumentasjon.

Servicemontør

Me er på jakt etter montørar med erfaring frå privatmarknaden og som trivst med å arbeide sjølvstendig. Som servicemontør vil du få ansvar for oppfylging av både store og mindre bedrifts- og privatkundar. Dette er jobben for dei som ynskjer å glede gamle og nye kundar kvar einaste dag.

For begge stillingane kan me tilby:

  • Konkurransedyktig løn (tariffløn med lokale tillegg)
  • Gode pensjonsordningar
  • Utvida forsikringsordningar
  • Tenestebil ved behov
  • Digitale verktøy for dokumentasjon og ordrehandsaming
  • Kompetanseprogram
  • Godt arbeidsmiljø
  • Aktiv montørklubb
  • Sosiale tilstellingar og aktivitetar utanom arbeidstida
  • Tilbod til aktive tilsette

Ynskja kvalifikasjonar:

  • Fagbrev (Elektrikar, Elektromontør Gr. L, Telekommunikasjonsmontør, Dataelektroniker eller tilsvarande.)
  • Førarkort kl. B
  • Relevant praksis
  • Serviceinnstilling
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Arbeidslyst

Send søknad på e-post til: agnar@holen-installasjon.no