Lading av elbil

Det finst fleire måtar å lade elbilen sin heime. Me hjelper deg å velje, og leverer og monterer ferdig løysing.

Heimeladestasjon

Trygg og rask lading

Dei fleste ladar bilen om natta, noko som gjer at branntryggleik vert ekstra viktig. Vanlege stikkontaktar og leidningsnett er ikkje kontruert for å tåle store effektar over tid. Det er langt tryggare å velje ein fagmessig installert heimeladar.

Alle som har elbil bør vurdere ein trygg og effektiv ladestasjon. Kontakt oss for å få installert ein trygg ladestasjon tilpassa dine behov.

Me kan tilby fleire variantar med ulik funksjonalitet:

  • Heimeladar Enkel - Frittståande ladestasjon Mode 3/Type 2

  • Heimeladar Avansert - Frittståande ladestasjon Mode 3/Type 2 med laststyring

  • Heimeladar Online - Frittståande ladestasjon Mode 3/Type 2 med laststyring og app-styring

Lading med stikkontakt frå Schuko

UPT.jpg

Mange ladar bilen sin med hjelp av ein vanleg stikkontakt. Dette er ikkje tilrådd, men er lovleg dersom fyljande føresetnader er på plass:

  • Du må ha eigen kurs til elbilen - maks 10 A (nokre unntak for privat garasje, carport eller utebod)

  • Kursen må ha jordfeilbrytar type B

  • Stikkontakten må vere merka

  • Ved fråkopling må du alltid trekke ut kabelen frå bilen før du tek ut støpselet frå stikkontakten

Me tilrår ikkje denne lademetoden. Den er heller ikkje tillate i nye installasjonar