Elscoop messe 25.08.16
Elscoop - messe torsdag 25.08.16
Også i år får me besøk av våre leverandørar og grossistar gjennom Elscoop - samarbeidet. Dette resulterer i messe med 12 utstillarar, i tillegg til at Elscoop kjeda er representerte. Utstillinga vil bli plassert rundt om i lokala våre på Nestangen. Nytt av årets messe, er at me i år og kombinerar ein sosial del i etterkant av messa. Dette vil bli eit «blåtur - arrangement». I tillegg vil me og invitere nokre av våre beste samarbeidspartnerar og kundar til å delta på messedelen.
Messedelen varer frå 13:00 - 18:00. Me oppfordrar alle tilsette til å delta på messedelen, stille gode spørsmål og utfordre leverandørane, komme med innspel til forbedringar og ynskje til bedrifta i etterkant. I tillegg til utstillarane vil det rullere Holen - reklame på det store møterommet. Ta kontakt med kundane våre, og bidra til ein god dialog og ei god messe.
Program for ettermiddagen blir slik :
· 13:00 - 15:00 Messe for kundane våre
· 15.30 - Messa opnar for montørar og lærlingar
· 15:30 - 16:00 Enkel servering
· 16:00 - 17.45 Messe
· 18.00 - 22.00 Blåkveld (For leverandørar og alle tilsette)
· 22.30 Slutt
Grunna mat og sosialt arrangement, ber me om tilbakemelding via SMS til Glenn (95250999) innan førstkommande fredag kl : 15:00 med følgjande svar :
· Eg kan ikkje vere med
· Eg kan kun vere med på messe
· Eg blir med på messe og blåtur
Vel møtt.