Høg aktivitet - Ekstra innsats
Me har særs mykje å gjere for tida. Det er høg aktivitet både på prosjekt- og servicejobbar og det ser ut til at dette vil halde fram dei neste tre- fire vekene. Me vil difor oppmoda alle som ynskjer det, om å utvide arbeidsdagen og stå på litt ekstra. Dette gjeld både montørar og lærlingar.
Det vert lagt opp til avspasering time for time. Lærlingar kan nytte lønnsart «Grunnløn overtid» for arbeid utover normal arbeidstid. Innarbeidd tid kan med fordel takast ut i samband med jule- og nyttårsfeiringa og i byrjinga av det neste året.
Saka er diskutert med klubbleiar og tillitsmann. Me presiserer at dette er ei frivillig ordning og at det ingen skal føle seg pressa. Vonar likevel at så mange som mogleg ynskjer å bidra.