Innleigemontørar
Me har som de veit ein hektisk haust og vinter i vente. Samtidig har nokre av montørane våre slutta. Me har teke inn fleire lærlingar, men me har framleis for låg kapasitet.
I samsvar med tidlegare avtale med montørklubben, har me undersøkt om det er mogleg å leige arbeidskraft frå andre verksemder i vårt distrikt. Dette ser dessverre vanskeleg ut.
Me har difor gjort avtale med Adecco om innleige av montørar. Dei to første byrjar den 30. august. Det kan òg bli aktuelt med fleire utover hausten/vinteren, men desse er ikkje stadfesta. Alle Adecco-montørane har fagbrev og DSB-godkjenning.