Brukarrettleiing for bustad

Eigar og brukar av elektrisk anlegg har ansvar for at det elektriske anlegget til ei kvar tid er i samsvar med gjeldande lover, forskrifter, normer og standarder.

Du har og eit ansvar for at anlegget vert brukt på forsvarleg vis. Punkta nedanfor bør du vere spelsielt oppmerksam på.

Lurer du på noko? Ta gjerne kontakt med oss.

Skjult golvvarme

Skjult golvvarme er varmefolie eller varmekablar som er skjult installert i golvet. Dette gjer til at du får ein jamn og god golvvarme.

NB: Golv med skjult varme må ikkje dekkast til av tjukke tepper, madrasser, kompakte møblar eller liknande, då dette kan skade golv og varmeelement.

Sjekk dokumentasjon for din installasjon i boligmappa, eller kontakt oss.

Overspenningsvern

Sjekk indikatorflagget på komponenten som er merka “Overspenningsvern”

  • Grøn indikator viser at vernet er i orden

  • Raud indikator viser at overspenningsvernet løyst ut og må skiftast av elektrikar.

Sjekk dokumentasjon for din installasjon i boligmappa, eller kontakt oss.

Jordfeilbrytar / Jordfeilautomat

Jordfeilvern skal testast 2-4 gonger årleg. Slik testar du om jordfeilbrytaren er i orden:

  1. Trykk på testknappen

  2. Jordfeilbryteren koblar ut

  3. Vipp opp hendelen som falt ned

Dersom jordfeilbryteren ikkje løyser ut, sjekk dokumentasjon for din installasjon i boligmappa, eller kontakt oss.