Om Holen Installasjon

Holen Installasjon er ei av dei leiande elektroentreprenørbedrifta i indre Sogn.

Bedrifta har nærare 50 tilsette og me leverer tenester både til privat- og næringsmarknaden. 

Me leverer alt frå tradisjonelle elektroinstallasjonar til meir avanserte anlegg innan smarthus, energistyring, ekom og IKT osv. 

Holen Installasjon AS har hovudkontor i Sogndal, men betener både små og store kundar i heile regionen frå avdelingar i både Gaupne, Leikanger og Vik i Sogn.

Historia vår

Snart nitti år i faget!

1936

A.J.Holen A/S vart grunnlagt i 1936 av Agnar J. Holen. Hovudverksemda den gongen var elektriske installasjonar, men vart snart utvida til å omfatta sal av belysningsutstyr og kvitevarer i eigne butikklokale.

1972

Svein Holen tok over som dagleg leiar i verksemda, etter faren Agnar.

1989

I 1989 vart Holen Installasjon AS skipa, og skilt ut frå A.J.Holen A/S. Etter fisjonen tok Holen Installasjon AS over Installasjonsdelen frå A.J.Holen A/S, og driv i dag i hovudsak med sterk- og svakstraumsinstallasjonar innan bustadar, næringsbygg og industri.

2012

Agnar Holen, som i dag leier verksemda, tok over etter faren Svein. Svein hadde då leia verksemda sidan 1972 - i over 40 år.

I dag

Holen Installasjon AS er ei veletablert verksemd innafor elektroinstallsjon i indre Sogn. Gjennom 3 generasjonar har verksemda utvikla ideen om å vera ”kontaktskapar” i denne delen av landet.

Holen Installasjon AS er kjend som solide montørar og installatør av tradisjonellt installasjonsarbeid, brannvarslinganlegg og naudlys, både for offentlege og private oppdragsgjevarar.

Med sentralgodkjenning i tiltaksklasse 3, og solide samarbeidspartnarar innafor brannvarsling, telefoni og data er Holen Installasjon ein totalleverandør av elektriske løysingar for små og store bygg.

  • Installasjon

  • Brannalarmar

  • Alarmsystem

  • Telefoni

  • Smarthusstyringar til hus og leilegheitar

  • Datanettverk

  • Varmepumper

Organisasjon

Me sponsar lokale krefter

Holen installasjon har lang tradisjon for å støtte lokale lag og organisasjonar. Me oppmodar òg alle våre samarbeidspartnaar til å handle lokalt om det er mogleg.

Her er eit utval av våre samarbeidspartnarar: