Jobbe hjå oss?

Holen Installasjon AS er den leiande elektroentreprenøren i Indre Sogn. Vi har rundt 50 dyktige medarbeidarar som leverer tenester til privat- og næringskundar i heile indre Sogn.

Lokal og solid kompetanse er vårt varemerke og me likar å jobbe med straum og spenning.

Hjå oss vil du jobbe med alt frå tradisjonelle elektroinstallasjonar til smarthus, solstraum, elbillading, belysning, energistyring, adgansjontroll, kameraovervåling, brannvarsling, nødlys, ekom, IKT med meir.

Ledige stillingar

På grunn av stor aktivitet i regionen er me på jakt etter fleire dyktige fagfolk og har følgjande ledige stillingar: 

Serviceelektriker

Me er på jakt etter elektromontørar med erfaring frå privatmarknaden og som trivst med å arbeide sjølvstendig. Som serviceelektrikar vil du få ansvar for oppfylging av både store og mindre bedrifts- og privatkundar. Dette er jobben for dei som ynskjer å glede gamle og nye kundar kvar einaste dag.

 #Høfleg og smilande

Serviceleiar

Me er på jakt etter elektrofagfolk med erfaring frå servicearbeid. Du bør trivast med kundekontakt og med å leie andre kollegaer. Som serviceleiar vil du få ansvar for mottak av serviceordrar, ordreplanlegging og oppfylging av servicekundar Dette er jobben for deg som har store glede av å løyse andre sine behov på ein profesjonell måte.  Det er ynskjeleg med utdanning som elektroteknikar eller elektroingeniør, men realkompetanse kan vege opp for formell utdanning.

#BrennForGodService

Prosjektelektriker

Me søker elektrikarar med erfaring frå anlegg eller større prosjekt. Som prosjektelektrikarvil du få delta i eit strukturert arbeidslag som saman har ansvar for fagleg utføring, effektiv montasje, elektrofaglege vurderingar og tilhøyrande dokumentasjon.

#Kvalitet i høgt tempo

Prosjektleiar elkraft

Me søker prosjektleiar med erfaring frå prosjektering og gjennomføring av større eller mindre prosjekt. Det er ynskjeleg med utdanning som elektroteknikar eller elektroingeniør, men realkompetanse kan vege opp for formell utdanning.

#Lagleiar

Servicetekniker el-tryggleik

Me søker elektrofagfolk med brei erfaring. Du vil få oppgåver innan el-kontroll, termografering, el-tryggleiksrådgjevar. Det er ynskjeleg at du har formell kompetanse. Evt. manglande etterutdanning og/eller sertifisering vert tilbydd.


#Ansvarleg og pliktoppfyllande

Elkraftingeniør

Me søker elkraftingeniør med prosjekterfaring. Du vil få oppgåver innan prosjektering, kvalitetssikring, dokumentasjon, kalkulasjon, og økonomioppfyljing. Formell kompetanse er ynskjeleg.

#OmgjengelegFagidiot

Søknad

Send inn søknad og CV på epost til oss: jobb@holen-installasjon.no

Me tilbyr

  • Konkurransedyktig løn

  • Gode pensjonsordningar

  • Utvida forsikringsordningar

  • Tenestebil ved behov

  • Tilgang til alt av digitale verktøy

  • Kompetanseprogram

  • Godt arbeidsmiljø

  • Aktiv montørklubb

  • Sosiale tilstellingar og aktivitetar utanom arbeidstida

  • Tilbod til aktive tilsette

Ynskja kvalifikasjonar:

  • Formell utdanning / fagbrev

  • Førarkort kl. B

  • Relevant praksis

  • Serviceinnstilling

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

  • Arbeidslyst og stå-på-vilje

Send inn søknad

Send søknad og CV på e-post til oss: jobb@holen-installasjon.no